Rudi reseñó Project Hail Mary de Andy Weir
Meir av "The Martian"
Eng: Pretty much a sequel to The Martian - and that's not a bad thing.
Nor: Eg likte veldig godt "The Martian" då eg las ho, det er noko med problemløysing og det å tilpasse seg det ein har, som er tilfredsstillande å lese. Det er truleg det same som eg likte med MacGyver. Denne boka handlar om ein annan kar i ein annan situasjon, men opplegget er det same: ein mann med litt nerdete humor og mykje vitskapleg kompetanse må kjempe om å overleves i verdsrommet. Men her går ein steget vidare inn i science fiction, noko som fungerer bra. Samtidig så følest det av og til litt intimt å lese bøker som dette, då hovudpersonen utan tvil er ei forlenging av Weir sjølv. Ein slags dagdraum.